Hopp til innhold

Nordlandsbanen er stengt fredag

Nordlandsbanen er framleis stengt mellom Ranheim og Vikhammer etter at eit tog spora av. Bane Nor har tilkalla spesialhjelp frå Oslo for å hjelpe til.

Banen blir framleis halden stengd fredag kveld. Bane Nor opplyser at dei kjem med ei ny oppdatering laurdag morgon klokka 6.

Arbeidet med å berge arbeidstoget som natt til fredag spora av er venta å ta tid, skriv Nidaros.

Fleire tusen passasjerar er ramma av hendinga og togselskapet SJ Norge har sett opp alternativ til andre reiseruter og framkomstmiddel.

– Lokaltoga frå Trondheim og nordover, køyrar frå Trondheim til Ranheim. Derfrå går det busspendel til Hommelvik fortløpande. Frå Hommelvik går lokaltoget til Steinkjer, sa kommunikasjonssjefen i selskapet Hilde Lyng til Nidaros.

Passasjerar ved nattoget frå Trondheim til Bodø blir frakta med buss til Stjørdal, og deretter går toget.

(NPK)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no