NRK Meny

Nok ein pakistansk soldat drepen

Ytterlegare ein pakistansk soldat er drepen i det urolege området Kashmir på grensa mellom Pakistan og India. I går kom melding om at ein annan soldat frå Pakistan vart drepen, og i byrjinga av august vart fem indiske soldatar drepne på andre sida av grensa.

Dei to nabolanda, som begge har tilgang på atomvåpen, legg skulda på kvarandre, og soldatdrapa har skapt sterke reaksjonar, også på øvste politiske nivå i dei to landa.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no