Hopp til innhold

Ni born omkom i trafikkulukke i USA

Ti menneske, blant dei ni born, mista livet då to køyretøy kolliderte under eit kraftig uvêr i den amerikanske delstaten Alabama, opplyser lokale myndigheiter.

Det skriv NTB.

Årsaka til ulukka var truleg vassplaning. Eit ukjend tal personar blei også skadd i ulukka, som skjedde laurdag.

Åtte born mista livet i det eine køyretøyet, som tilhøyrde ein organisasjon som driv fosterheim for jenter ramma av omsorgssvikt. Ein far og ei ni månader gamal jente mista livet i det andre køyretøyet.

Tropical Weather Alabama
Foto: AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no