Ni afghanarar drepne av bombe
Ni sivile personar blei drepne då ei vegbombe råka ein buss aust for den afghanske hovudstaden Kabul laurdag, melder fleire tenestemenn ifølge AFP. Styresmaktene skuldar på Taliban. Valden har eskalert trass i fredsforhandlingar mellom partane.