Hopp til innhold

NHH klatrar på europeisk kåring

Noregs handelshøgskole, NHH, er på 45.-plass på lista til Financial Times over dei 95 beste handelshøgskulane i Europa. Det er opp ti plassar frå i fjor, melder NTB.

HEC Paris og London Business School er nummer ein og to på lista, medan ESCP Business School i Paris er på tredjeplass.

Rangeringa legg vekt på kva lønn og karriere kandidatane kan få, men også den internasjonale orienteringa til utdanningane, i tillegg til mangfald og korleis studentane opplever studiet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no