Hopp til innhold

Netanyahu lover å respektere statusen til al-Aqsa-moskeen

Israels statsminister Benjamin Netanyahu lover å respektere statusen til Den heilage høgda i okkuperte Aust-Jerusalem, der al-Aqsa-moskeen ligg. Det seier ein talsmann for statsministeren etter at tryggingsministeren i landet, Itamar Ben-Gvirs, besøkte området tysdag. Besøket førte til sterk kritikk frå palestinske leiarar, og frå land som Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata. Også USAs ambassadør i Israel, Thomas Nides, har kritisert besøket.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no