Nedjusterer tiltak i Viken-kommunar

Regjeringa har avgjort å gjere endringar i dei regionale tiltaka i Viken.

Etter råd frå Helsedirektoratet, Folkehelseinstiuttet og statsforvaltaren har regjeringa avgjort at fire kommunar held fram med tiltaksnivå A, medan 17 kommunar får eller held fram med tiltaksnivå B, og 18 kommunar vert tekne ut av ordninga.

I desse kommunane vert tiltaksnivået nedjustert frå tiltaksnivå A til tiltaksnivå B, eller vidareført:

Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Nordre Follo, Vestby, Ås, Fredrikstad, Halden, Moss, Råde, Sarpsborg, Asker, Bærum, Drammen, Lier, Eidsvoll og Nannestad.

I desse kommunane vert tiltaksnivå A vidareført:

Lillestrøm, Lørenskog, Rælingen og Ullensaker.

Tiltaka varer til og med 9. mai.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no