Nedetid for BankID

BankID bytter driftsleverandør, og er nede fram til i formiddag torsdag, skriv dei på heimesida si.

Arbeidet skulle ha vore avslutta klokka åtte torsdag morgon. Men første del av flytteprosessen tok lengre tid enn ein først trudde.

BankID åtvarar mot at det kan oppstå kø når tenesta er oppe og står igjen i føremiddag.

Arbeidet med bytte av leverandør går føre seg mellom 21. og 26. oktober. I denne perioden er det ikkje mogeleg å aktivere ny BankID eller opne sperra eller utgått BankID.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no