Nato styrkar seg i aust
Nato styrker stillinga si i Aust-Europa med fleire skip og fly, skriv alliansen i ei pressemelding måndag.
Blant anna skal fire danske F16-fly til Litauen og spanske krigsskip blir ein del av Nato sin flåtestyrke.
Spania vurderer også å sende jagarfly til Bulgaria, det same gjer Nederland.
– Nato vil halde fram med å ta alle naudsynte tiltak for å beskytte og forsvare alle allierte, inkludert ved å forsterke den austlege delen av alliansen, seier generalsekretær Jens Stoltenberg i meldinga.