Nashornbestanden i Botswana kraftig redusert
Bestanden av nashorn i Botswana er redusert med ein tredel på fem år. Grunnen er ulovleg jakt, ifølge turistminister Philda Kereng. Ministeren set tala i samanheng med krypskyttarar og auka etterspurnad etter nashorn-horn på den internasjonale marknaden. I nabolandet Sør-Afrika har det vore ein jamn nedgang i krypskyting på nashorn etter auka patruljering i nasjonalparkane.