Hopp til innhold

NAF ber Vedum følgje Sveriges drivstoff-døme

Sverige viser at det er mogleg å ta grep for å kutte i drivstoffprisane, meiner NAF. Dei ber finansminister Trygve Slagsvold Vedum om å ta grep.

Den svenske drivstoffpakken består av lågare drivstoffavgift, ei utvida reisefrådragsordning og ei kontantstøtte til alle bileigarane i landet.

– Med ein literpris som nærmar seg 30 kroner literen gjer ikkje eit par kroner all verdas for den enkelte. Det som er viktigare her er at Sverige viser veg og retning. No må regjeringa og Vedum kome på bana med noko som monnar, seier kommunikasjonssjef Camilla Ryste i NAF i ein e-post til NTB.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no