Hopp til innhold

Nære berging av Iran-avtalen

Diplomatane som forsøker å pusta liv i atomavtalen mellom Iran og stormaktene, melder om framgang etter nye samtalar i Wien. Det skriv NTB. No er det ifølgje diplomatane opp til regjeringane i dei involverte landa å tå politiske avgjerder.

– Vi er nærare ein avtale, men vi er enno ikkje heilt der, seier EU-utsendingen Enrique Mora, som leiar forhandlingane. Den sjette runden med samtalar mellom Russland, Kina, Tyskland, Frankrike, Storbritannia og Iran gjekk av stabelen søndag. Målet er å bringa USA tilbake til atomavtalen som i 2015 gav internasjonalt innsyn i, og legg sterke avgrensingar på, Iran sitt atomprogram. Til gjengjeld blei økonomiske sanksjonar mot Iran oppheva.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no