Hopp til innhold

Munch-museet offisielt opna

Fredag ettermiddag vart det nye Munch-museet i Bjørvika i Oslo offisielt opna av kong Harald og dronning Sonja.

Også kronprinsparet, statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) var blant dei mange som var til stades under opninga.

I talen sin sa kong Harald at Edvard Munch er eit felleseige, og at kunsten hans tilhøyrer oss alle, ikkje berre Noreg.

– Han måla eige liv og samtidig tilværet til oss alle, understreka kongen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no