Mogleg at omikron er i Noreg
Omikron er ikkje enno påvist i Noreg, men det er ein moglegheit for at den har kome hit utan å bli påvist, skriv Folkehelseinstituttet i ein risikovurdering.
– Det er stor usikkerheit om varianten sine eigenskapar og den vidare utviklinga. Kunnskapen vil auke frå i dag og framover, seier direktør i FHI Camilla Stoltenberg.
Vidare står det i sikkerheitsvurderinga at varianten truleg er meir smittsam enn deltavarianten, men at det så langt er lite sannsynleg at omikronvarianten gir meir alvorleg sjukdom.