Minst 39 døde i brann ved migrasjonsinstitusjon i Mexico
Minst 39 menneske skal ha mista livet i ein brann som braut ut på Det nasjonale migrasjonsinstituttet (INM) i byen Ciudad Juarez i Mexico ved grensa til USA. Det melder mellom anna avisene Reforma og BNO News.
Ifølge lokale medium skal i tillegg 40 menneske ha blitt sendt til sjukehus med skader som følge av brannen.
Brannen skal ha starta på toaletta i bygningen etter internt bråk.
Det er førebels ikkje kome ei offisiell utsegn frå offentlege myndigheiter rundt hendinga, skriv BNO News.
Dei siste månadane skal fleire migranter ha kome til byen, mange av dei frå Venezuela. Fleire av desse har budd på migrasjonsinstituttet.