Minst ein død og fleire skadd i eksplosjon i Armenias hovudstad
Ein sterk eksplosjon starta ein brann på marknaden Surmalu i Armenias hovudstad Jerevan, melder AP.
Ifølge myndigheitene i landet, er ein person død og 20 skadde.
Eksplosjonen skjedde i ein byggning der fyrverkeri blir solgt.
Byens ordførar seier at eit ukjent tal på personar er fanga i ruinane, skriv det russiske nyheitsbyrået Tass. Redningsmannskap er satt inn for å leita etter folk.
Marknaden ligg omtrent to kilometer frå Jerevans sentrum.