Hopp til innhold

Minst 35 drepne i kyrkjebrann i Egypt

Minst 35 personar blei drepne og fleire er skadde etter ein brann inne i ei kyrkje i byen Giza i Egypt, melder Reuters.

Ifølge den koptiske kyrkja, er talet på drepne 41. Helsemyndigheitene i landet har førebels berre opplyst ein person er drepen og 55 personar er skadd, melder AFP.

Brannen braut ut medan 5000 bedande var samla til ei messe i kyrkja Abu Sifin, noko som førte til kaos på staden.

Brent kyrkje i Giza, Egypt
Foto: MOHAMED ABD EL GHANY / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no