Hopp til innhold

Minst 20 pilegrimsreisande omkomne i busulykke i Saudi-Arabia

Minst 20 menneske er omkomne og rundt 29 er skadde etter at ein buss med pilegrimsreisande kolliderte med ei bru og begynte å brenne i sørvestlege Saudi-Arabia på måndag, melder nyheitsmediet Aljazeera.

Hendinga skjedde i provinsen Asir ved grensa til Jemen. der det for tida er det fleire muslimar som gjennomfører «den vesle pilegrimsreisa» Umrah. Ifølge den statlege kanalen Al Ekhbariya skal dei omkomne ha hatt forskjellige nasjonalitetar.

Liknande ulykker har skjedd tidlegare i samband med pilegrimsreiser, skriv Aljazeera. I 2016 døydde 19 menneske då ein buss velta på motorvegen mellom Media og Mecca, og fire britiske pilegrimar døydde som følge av ei bussulykke i Saudi-Arabia i april 2018. I oktober året etter døydde 35 utlendingar då ein buss kolliderte med eit anna køyretøy nær Medina.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no