Hopp til innhold

Mike Pence vil stille som presidentkandidat

Tidlegare visepresident Mike Pence vil stille som presidentkandidat og dermed utfordre sin tidlegare sjef Donald Trump, melder NBC og Reuters.

Både NBC og Reuters får opplyst at han vil lansere kandidaturet sitt 7. juni med ein kampanjevideo og tale i Des Moines i Iowa.

Den tidlegare visepresidenten melder seg på kappløpet medan Trump ligg best an på målingane, følgt av Florida-guvernør Ron DeSantis.

Ei kjelde med kjennskap til Pence sine planar seier til NBC at dei «ser denne nominasjonskampen som heilt open».

Pence vil ifølge kjeldene drive valkamp i Iowas 99 fylke før primærvalet der. Staten er den første i den republikanske primærvalkampen.

Pence var visepresident frå 2017 til 2021. Før han var visepresident, var Pence guvernør i Indiana og kongressrepresentant i fleire år.

Han har tidlegare vitna mot tidlegare president Donald Trump etter kongresstorminga. Sidan valnederlaget i 2020 har Pence prøvd å distansere seg frå ekspresidenten, og han har sagt at Trumps egging av støttespelarane som gjekk til angrep på Kongressen i januar 2021, sette han og familien i fare.

Pence har nære band til den kristne høgresida i USA. Han har halde fram med å forsvare mykje av Trumps politikk, men prøvd å framstille seg sjølv som eit meir føreseieleg og konsensusorientert alternativ. I tillegg har han prøvd å appellere meir direkte til evangeliske kristne, med besøk til fleire megakyrkjer rundt om i USA.

(NTB/NRK)

Election 2024 Republicans
Foto: Charlie Neibergall / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no