Migrantar fekk gå i land på Sicilia

122 flyktningar og migrantar fekk gå i land då redningsskipet «Ocean Viking» la til kai i byen Augusta på Sicilia laurdag. Det opplyser hjelpeorganisasjonen SOS Méditerranée, som driv skipet. Alle om bord blei testa for korona før dei fekk gå i land. Skipet har dei siste to vekene henta opp menneske frå båtar i havsnaud utanfor kysten av Libya.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no