Hopp til innhold
Nordisk Michelin Guide offentliggøres
Foto: Mikkel Berg Pedersen / Ritzau Scanpix / NTB scanpix

Michelin-guiden

Oppsummert

Oslo-restaurantane Hotshop, Schlägergården og Hyde har fått ei stjerne for første gang i Michelinguiden 2022. Det same har Lysverket i Bergen. Credo i Trondheim fekk prestisjefylt servicepris. Maaemo har tre stjerner, og beheld desse.

  • Michelin-stjerner til restaurantar i Oslo og Bergen

    Oslo-restaurantane Hotshop, Schlägergården og Hyde har fått ei stjerne for første gang i Michelinguiden 2022.

    Det same har Lysverket i Bergen.

    Prisutdelinga for restaurantbransjen føregår i Stavanger konserthus måndag kveld.

    Credo i Trondheim fekk ein prestisjefylt servicepris. Jossa mat og drikke i Trondheim fekk grøn stjerne for berekraft.

    Jimmy Øien på Rest i Oslo har blitt tildelt prisen «årets unge kokk».

    Maaemo i Oslo er Noregs einaste restaurant med tre stjerner i den prestisjetunge guiden.

  • Michelin-utdeling skal skje i Stavanger

    Årets utdeling av Michelin-stjerner til nordiske restaurantar vil skje i Stavanger. 4. juli vil arrangementet finne stad i Stavanger konserthus.

    – Å arrangere eit arrangement av dette kaliberet set matbyen Stavanger på kartet, og styrkar regionen vår som internasjonal matdestinasjon, seier fungerande ordførar Dagny Sunnanå Hausken (SP) til NTB.

    Sist gong utdelinga skjedde i Stavanger var i 2021, men då digitalt. Året før der vart arrangementet heldt i Olavshallen i Trondheim.

    Stavanger konserthus i Bjergsted, som åpnet i 2012.
    Foto: Anett Johansen Espeland / NRK
  • Maaemo får tilbake stjerner

    Oslo-restauranten Maaemo får tilbake sine tre Michelin-stjerner. Dei fekk tre stjerner i 2016, men mista desse i 2020 då dei stengde dørene for å bytte lokale.

    Den nordiske Michelin-guidens utdeling av stjerner skjer digitalt frå Stavanger. Den første nordiske guiden kom i 2015.

  • Michelin-utdeling utsettes

    Michelin-guiden utsetter utdelingen av årets nordiske stjerner til høsten på grunn av pandemien. Utdelingen skjer i Stavanger i september. Årets Michelin-guide vil bare bli tilgjengelig digitalt, gjennom en egen app, som vil bli lansert i september.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no