MGP-general:Trist å høyra om smitte

MGP-general Stig Karlsen seier at han tykkjer det er trist å høyra om tilfelle av koronasmitte under årets Eurovision.

Han seier at EBU og den nederlandske kringkastaren i samråd med lokale myndigheiter har jobba fram eit svært strengt smitteregime som dei jobbar under, at dei kjenner seg godt varetekne og at alle aktivitetar skjer under trygge rammer.

– Det er sosial distanse, bruk av masker, og testing annakvart døgn som er nokre av tiltaka. Og me jobbar som planlagt, og håpar at alle held seg friske og at dette skal gå bra til slutt, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no