Hopp til innhold

Meldingar om drepne medsoldatar

Forsvaret har fått informasjon om at soldatar frå antiterrorpolitiet i Kabul, som norske soldatar har jobba tett med i 13 år, kan ha blitt avretta av Taliban. – Vi har fått meldingar om at nokon har blitt avretta og at dei har gått etter leiarane i CRU (Crisis Response Unit). Det skal understrekast at det er ubekrefta meldingar, seier talsmann for forsvarssjefen, Eystein Kvarving, til NRK.

CRU er ein kontraterrorstyrke, som kan samanliknast med beredskapstroppen i Oslo. Norske spesialsoldatar har trent dei opp sidan 2007. Like før alt rakna var dei truleg ein av verdas mest erfarne kontraterrorstyrkar. Det var VG og Aftenposten som skreiv om saka først.

Kvarving seier meldingane har komme inn blant anna via sosiale medium og e-post. – Vi har også fått meldingar om at soldatane har fått amnesti og dei får dra heim, så meldingane vi får sprikar veldig, seier Kvarving, som ikkje ønsker å gå inn på innhaldet i meldingane.

– Norske spesialsoldatar har vore ute med dei nesten heile perioden. Eg trur det er mange som har venar og kjenningar i Afghanistan som dei er bekymra for no, legg han til.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no