Melby steppar inn for Solberg
Kunnskapsminister Guri Melby (V) blir den som legg fram avskjedssøknaden til Kjell Ingolf Ropstad (KrF) under ekstraordinært statsråd på slottet måndag.
Statsminister Erna Solberg (H) og utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) reiste i helga til New York for å delta på FNs hovudforsamling.
Melby blir difor fungerande statsminister når avskjedssøknaden blir lagd fram for kong Harald.
Ropstad kunngjorde laurdag at han trekker seg som barne- og familieminister og KrF-leiar etter avsløringane om at han hadde gått aktivt inn for å betale mindre skatt i forbindelse med pendlarbustaden i Oslo.