Hopp til innhold

Meir overvekt og fedme hjå gutar under pandemien

Forskarar ved Universitetet i Bergen og Folkehelseinstituttet, har i samarbeid med Bergen kommune, analysert rutinemålingar av vekt og høgde frå alle barn i Bergen kommune.

Studien omfatta 78.000 barn som vart målt då dei var 2, 4, 6, 8 og 13 år, i perioden 2010-2022.

I åra 2020–2022 under pandemien auka førekomsten av overvekt og fedme hjå gutar i alderen 4, 6 og 8 år.

Fleire internasjonale studiar har òg vist auke av barn med overvekt og fedme under pandemien. Studiane forklarar dette med restriksjonane som mellom anna førte til auka stillesittande åtferd.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no