Meiner vaksinar fungerer mot omikron

Verdas helseorganisasjon (WHO) meiner dagens koronavaksinar fungerer godt mot den nye omikronvarianten, skriv BBC. Ein ny studie viste at Pfizer-vaksinen kunne vere mindre effektiv mot den nye varianten. Men Mike Ryan i WHO seier at dei meiner alle vaksinane fungerer godt.

– Vi har særs effektive vaksinar som har fungert godt mot variantane så langt. Vi har ingen grunn til å tru at det ikkje skal gjelde for omikron også, seier han til AFP.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no