Hopp til innhold

Meiner situasjonen er alvorleg

Høge smittetal mange stader og rekordhøgt sjukefråvær blant tilsette i barnehagar og skular gjer at situasjonen no er alvorleg, meiner Utdanningsforbundet.

– Erfarne skuleleiarar og styrer fortel at dei aldri har opplevd noko liknande, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet til NTB.

Tidlegare i dag kravde Skolenes landsforbund at trafikklysmodellen blir innført igjen. Handal seier at han ikkje har kompetanse til å kunne vurdere om trafikklysmodellen er det riktige tiltaket, og seier at dei må løyse dette i samarbeid med myndigheitene.

– Slik situasjonen er no, meiner eg vi bør la den enkelte leiar i barnehagar og skular kunne redusere tilbodet dersom dei ikkje har tilgang på nok personell. Eg trur dette er einaste måten vi kan klare å halde skular og barnehagar opne på, seier Handal.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no