Meiner journalistar var uansvarlege
Thailandske styresmakter kritiserer utanlandske medium for å ha gjort eksklusive intervju med gutane som vart redda ut av grotta, ifølgje CNN. Justisminister Tawatchai Thaikyo ber media sørge for at ein psykolog er til stades under intervju.