Hopp til innhold

Meiner britisk lovforslag bryt med folkeretten

Den britiske regjeringa har lagt fram eit lovforslag som bryt med Nord-Irland-protokollen i brexitavtalen, som skulle hindre ei hard grense mellom Nord-Irland og EU-landet Irland.

EU meiner lovforslaget er eit brot på avtalen, medan den britiske utanriksministeren Liz Truss kallar forslaget fornuftig og ei praktisk løysing.

Den irske utanriksministeren, Simon Coveney, meiner lovforslaget er eit brot på folkeretten, ifølge Reuters.

– Eg har aldri møtt nokon utanfor den britiske regjeringa som meiner dette ikkje er eit brot på folkeretten når du med overlegg bryt internasjonale avtalar, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no