Hopp til innhold

Medietilsynet uroa for datalagringsforslag

Medietilsynet fryktar færre kjem til å delta i det offentlege rom dersom PST kan lagre data frå opne kjelder på nett i fem år, skriv tilsynet i ei pressemelding.

Regjeringa foreslo fredag at PST skulle kunne gjere dette for å avdekke truslar.

– Vi er kritiske til at PST kan hente inn data som er samla inn om norske brukarar utan at det er grunn til mistanke. Dette kan vere alvorleg for ytringsfridomen og er problematisk ikkje minst for kjeldevernet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no