Hopp til innhold

Medietilsynet avsluttar tilsyn med pengespelreklame på TV

Medietilsynet har ikkje funne pengespelreklame på Discoverys norske TV-kanalar denne hausten.

– Vi avsluttar difor tilsynet, som vi har halde på med sidan starten av 2021, seier direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet, Hanne Nistad Sekkelsten i ei pressemelding.

Sidan 1. januar 2021 har tilsynet hatt lovheimel om å pålegge TV-distributørar å stanse pengespel utan norsk løyve.

Viasat valde å slutte med slik reklame då lovendringa kom, medan Discovery heldt fram med å sende fram til 15. august i år, som var fristen Medietilsynet sette.

Tilsynet meiner difor vilkåra som oppfylte, og fråfell kravet om tvangsmulkt, skriv dei i pressemeldinga.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no