Hopp til innhold

MDG ber regjeringa hente IS-kvinner og barn

MDG vil i morgon legge fram eit representantforslag i Stortinget, der dei ber regjeringa hente heim fire IS-kvinner og deira barn som er i Syria.

– Det sit fire norske kvinner med fire norske, uskuldige barn, i elendige forhold i Syria, på femte året. Det er ein skandale at vi behandlar våre norske barn på den måten, og det er ein skandale at vi overlèt desse menneska til restane til rettsvesenet til ein IS-stat, som vi har gått til krig for å bli kvitt, seier Rasmus Hansson til NRK.

MDG er optimistiske til å få gjennomslag for forslaget.

– Eg kan ikkje førestille meg at Stortinget endå ein gong vil vedta at fire norske barn skal gå til grunne i det som i praksis er konsentrasjonsleirar i Syria.

Kvinnene og barna må bli redda heim, og hjelpast til eit verdig liv her, meiner Hansson.

– Vi tar vare på borgarane våre, også dei som har gjort noko gale.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no