Hopp til innhold

McDonalds vil opna opp igjen i Ukraina

McDonalds planlegg å opna sine restaurantar i Kyiv og vestlege Ukraina igjen innan eit par månader, melder Reuters. Selskapet har haldt alle sine serveringsstader i landet stengd sidan mars, som følge av den russiske invasjonen av Ukraina.

Matkjeda har sagt at dei håper gjenopninga kan gjenoppretta ei lita, men viktig, kjensle av normalitet, skriv BBC.

McDonalds har selde mesteparten av restaurantane sine i Russland til lokale aktørar i mai.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no