Hopp til innhold

Mann utsett for vald under skeiv konferanse på Island

Den skeive organisasjonen Samtökin`78 arrangerte denne veka ein nordisk konferanse for skeive rettar i Reykjavík. Mellom anna deltok alle dei nordiske likestillingsministrane på konferansen.

I går kveld blei det meldt om ei valdshending i sentrum av Reykjavík. To personar angreip ein annan person. Personen vart sendt til sjukehus, opplyser islandsk politi.

Samtökin`78 seier at personen som vart angripen var deltakar på konferansen og at valdshendinga skjedde nære hotellet der deltakarane budde. Hendinga skjedde då personen var på veg tilbake til hotellet etter ein gallamiddag.

Den islandske arrangøren stadfestar at hendinga blei meldt til politiet som hatkriminalitet.

I pressemeldinga skriv dei at tilstanden til mannen er stabil.

Organisasjonen kan ikkje seie kva nasjonalitet offeret har, men at vedkomande kjem frå Norden.

Fri – foreningen for kjønn- og seksualitetsmangfold deltok på konferansen og seier at andre deltakarar blei utsett for verbal hets i gatene. Det stadfestar også Samtökin`78.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no