Mann tiltalt for nettovergrep mot over 40 barn
Ein 46 år gammal mann frå Bergen risikerer 21 års fengsel for valdtekt og grov valdtekt av barn under 14 år. Alle overgrepa har skjedd over internett.
Mannen er også tiltalt for å ha filma nakne barn og vaksne på eit badeland i Bergen. Ifølge tiltalten skjulte mannen kameraet i ei såpeflaske.