Hopp til innhold

Mann skadd etter valdsepisode

Ein mann i 40-åra vart natt til fredag sendt til Vestfold sentralsjukehus med ukjent skadeomfang etter ein valdsepisode i Holmestrand sentrum. Politiet fekk melding klokka 2.35 om at mannen vart sparka og slått av to menn, melder Sør-Aust politidistrikt på Twitter. Politiet opplyser at han ikkje er livstruande skadd, men skadeomfanget er ukjent, skriv NTB. Politiet søkjar etter gjerningspersonane og ingen er så langt arrestert.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no