Mann sikta for medverknad

Politiet har torsdag ettermiddag sikta ein person for medverknad til drapet på Bård Lanes i Tønsberg. Drapssaka vert også sett i samanheng med bilbrannen på Sem same kveld, opplyser politiet i ei pressemelding.

– Politiet meiner at det er grunn til mistanke for medverknad til drap for ein av dei tre som var arresterte for bilbrannen på Sem, opplyser politiet i pressemeldinga.

Den sikta mannen vil verte framstilt for fengsling fredag.

Det at mannen er sikta for medverknad til drap vil også seie at politiet meiner det er fleire gjerningspersonar involvert.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no