Hopp til innhold

Mann pågripen i væpna politiaksjon i Stavanger

Ein mann er pågripen etter at han var inne på eit offentleg kontor i Tinngata i Stavanger med eit handvåpen, melder politiet i Sør-Vest på Twitter. Alle tilsette blei evakuert før den mistenkte mannen blei pågripen av væpna politi. Den arresterte er ein mann i 20-åra. Politiet har gjort funn av eit luftvåpen.

Ingen er skada.

– Det blei ikkje fyrt av nokre skot. Politiet arresterte mannen på utsida av bygningen, seier operasjonsleiar Jøran Solheim i Sør-Vest politidistrikt.

Dei tilsette vil bli følgt opp.

Innsatsleder utenfor offentlig kontor i Stavanger.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no