Mann pågripen for drap

Ein mann er pågripen og varetektsfengsla for drapet på ei tolv år gamal jente i Botkyrka kommune i Sverige i fjor, skriv NTB. Mannen i 20-åra blei pågripen sist onsdag, mistenkt for grovt våpenlovbrot i ei tilknytt sak, opplyser svensk politi søndag. I helga bestemte påtalemyndigheita å krevja mannen varetektsfengsla for drapet sommaren 2020, då den tolv år gamle jenta blei skoten og drepen.

Same mann blei også pågripen i desember i samband med drapsetterforskinga, men han blei seinare lauslaten. Jenta blei skoten av personar som skal ha vore i ei kvit stasjonsvogn ved ein McDonalds i Norsborg, sørvest for Stockholm natt til 2. august. Politiet sin teori skal vera at skota var retta mot nokon andre som var på åstaden i tida før skytinga.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no