Mann mistenkt for trippeldrap
I Sverige er ein person arrestert, mistenkt for trippeldrap, melder Aftonbladet. Tre personar vart funne døde i eit hus i Skurup i går. Då sa politiet at det ikkje var mistanke om at noko kriminelt har skjedd, men no er ein person arrestert.