Hopp til innhold

Mann fekk fem livstidsdommar

Mannen som drap fem personar i ein avisredaksjon i Annapolis i USA, blei tysdag dømt til meir enn fem livstidsdommar, skriv NTB. Drapa skjedde i juni 2018. Jarrod Ramos har tidlegare sagt han er skuldig, men ikkje kriminelt ansvarleg for alle dei 23 tiltalepunkta. Saka blei utsett fleire gonger før og under pandemien. Angrepet mot avisa Capital Gazette blir beskrive som blant dei verste mot journalistar i amerikansk historie.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no