Mann dømd for kvitvasking

Ein 50 år gamal mann er i Eidsivating lagmannsrett dømd til tre års fengsel for grov utruskap og kvitvasking.

Han var ein del av eit nettverk som tappa selskap for fleire titals millionar.

Mannen gav ei delvis tilståing då han blei dømd til to år i fengsel i tingretten, men Økokrim anka straffeutmålinga.

50-åringen er foreløpig den åttande domfelte av til saman ni tiltalte i nettverket.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no