Hopp til innhold

Mange saker lagde bort hjå politiet

I 2020 var det ei merkbar auke i meldingar som blei lagde bort som uoppklara med grunngjeving i manglande saksbehandlingskapasitet. I 2020 blei nesten 18 600 lovbrot lagde bort på denne måten. Det er 44 prosent fleire enn i 2019, og meir enn dobling sidan 2016, skriv SSB.

Totalt blei 297 500 lovbrot etterforska i 2020, skriv SSB. Dette medførte 145 800 siktingar overfor 69 900 gjerningspersonar. Eit år med annleis samfunnskontakt har hatt tyding, men fleire av utviklingstrekka frå dei førre åra har samstundes blitt tydelegare, skriv SSB.

Politiet og påtalemyndigheitene etterforska ferdig nokre fleire lovbrot i 2020 enn i dei tre føregåande åra, men framleis tydeleg færre enn i den føregåande 20-års perioden.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no