Hopp til innhold

Mali skuldar Frankrike for spionasje

Mali reagerer kraftig på at det franske forsvaret publiserte ein video som vart teken av ein fransk drone i Mali. Det skriv den franske radiokanalen RFI.

Videoen viste russiske leigesoldatar som grov ned fleire lik i sanden, utanfor ein militærbase der franske soldatar var stasjonerte inntil nyleg. Frankrike publiserte videoen etter at fleire falske profilar i sosiale medium publiserte bilete av ein massakre som Frankrike fekk skulda for.

Frankrike meiner deira dronevideo er bevis på at dei russiske leigesoldatane frå den omstridde Wagner-gruppa, iscenesette ein massakre, for deretter å forsøke å sverte Frankrike.

Mali, som no er styrt av ein militærjunta som har avslutta eit langvarig samarbeid med Frankrike, hevdar den franske dronevideoen er falsk. Dei skuldar Frankrike for spionasje og undergraving av fakta. Den maliske statsadvokaten har varsla etterforsking, skriv RFI.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no