Macron klagar på vasscooter-bilde
Den franske presidenten Emmanuel Macron og kona hans har sendt inn ei formell klage mot ei kunstutstilling i Paris, melder franske medium. Tema for utstillinga er franske presidentar på ferie. Blant bilda som er utstilt er Macron som køyrer vasscooter i badebuksa. Presidenten meiner fotografen av bildet har brote privatlivets fred.