Hopp til innhold

Lysbakken: – Politikken må gjelde

– Vårt mål er å etablere ei raudgrøn regjering, men det er politikken som vil vise om det lar seg gjere.

Det sa SV-leiar Audun Lysbakken i møte med pressa tysdag.

Lysbakken fortel at det ikkje er eit mål i seg sjølv å gå i regjering. Det er politikken, ikkje posisjonen, som er viktig, seier han.

– Blir det ikkje godt nok, er vi også klare til å gå i opposisjon.

Lysbakken har vore i kontakt med Jonas Gahr Støre, som er einige om å ha eit møte før helga.

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum har fleire gongar gjentatt at han ønsker seg ei Ap-Sp-regjering, utan SV.

– Skal vi bygge eit tillitsfullt fleirtal, er det politikken som må gjelde, ikkje stengde dører, seier Lysbakken.

Støre på vei ut av boligen på Ris dagen etter valget

Støre om de tøffe forhandlingene: – Jeg tar ingen for gitt

Ap-leder Jonas Gahr Støre har snakket med Sp-leder Vedum og SVs Lysbakken om veien videre etter valget. SV-leder Audun Lysbakken regner med å møte Støre til samtaler før helgen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no