Lufthansa unngår luftrommet over Iran og Irak
Flyselskapet Lufthansa seier dei fram til 13. august vil unngå luftrommet over Iran og Irak, melder Reuters.
Dei forlenger med det avgjerda om å ikkje flyge over desse landa på grunn av den spente situasjonen i Midtausten.
I tillegg forlenger dei avgjerda om å innstille rutene til Tel Aviv, Teheran, Beirut, Amman og Erbil til 13. august, skriv selskapet i ei fråsegn.