Hopp til innhold

Ein person til Ullevål sykehus etter trafikkulykke i Hol

Ein person er send til Ullevål sykehus og tre andre er sendt til Ringerrike sykehus etter ein front mot front-kollisjon på riksveg 7 mellom Hagafoss og Geilo i Hol kommune søndag ettermiddag. Skadeomfanget er førebels ukjend.

Den eine bilen med to menn i 30- og 40-årsaldaren skulle køyra forbi ein traktor då dei møtte på ein bil i motgåande felt, opplyser politiet som mistenker ruspåverka køyring. I den andre bilen sat ei kvinne i 30-åra og eit barn. Det er ein av personane i bilen som køyrde inn på motgåande felt som er flydd til Ullevåll sykehus, ifølge politiet.

Politiet melde først at ingen blei skadde i ulykke, men oppdaterte seinare med at ulykka framstod meir alvorleg enn først antatt. Luftambulansen blei dermed tilkalla.

Vegen er open igjen etter at han var stengd i begge retningar som følga av ulykka.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no