Livlaus mann henta opp av vatn

Ein livlaus mann er funne i eit vatn i Øyangen i Ringerike. Vedkommande blei funne ved ein kano. Det blir gjort livreddande tiltak på staden, skriv Sør-aust politidistrikt på Twitter.

Politihelikopteret er i søk over området og ambulansehelikopter er på veg. Politiet ber om tips på tlf. 02800.

I ei oppdatering klokka 19.10 skriv politiet at dei har kome i kontakt med ei kvinne som har vore saman med mannen i kanoen. Ho klarte å symje i land til ei anna øy og blir varetatt av helse. Det var berre dei to i kanoen. Dei jobbar framleis med livreddande tiltak på mannen og pårørande er varsla.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no