Hopp til innhold

Like mykje seinfølger etter omikronsmitte

Ny forsking viser at dei som har vore smitta av omikronvarianten av koronaviruset like ofte melder om seinfølger som dei som har hatt deltaviruset.

Forskarar frå blant anna FHI har følgt 1,3 millionar nordmenn i 126 dagar etter at dei testa seg for viruset, og studert kontakten med allmennlegen for typiske seinfølger som utmatting, hoste, muskel- og skjelettsmerter og hjartebank.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no